1

På tur til verdas minst populære land - der ingen skulle tru at nokon kunne reise

Gunnar Garfors er ein verdskjend globetrottar. Han har reist verda rundt. På turane sine har han møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er.

I boka Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Vi blir med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I Ingenstad møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.

I ei tid prega av konflikt og krig vil forfattaren inspirere oss til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eiga, men som mange knapt vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsoppfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner.

Ingenstad tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.

Gunnar Garfors er er frå Naustdal der han vaks opp som den eldste i ein søskjenflokk på sju. Reiseverksemda hans inkluderer ei rekkje verdsrekordar, og han har vore intervjua og omtalt av media i over 100 land.

Vinteren 2018 vart sunnfjordingen den første personen som har besøkt alle verdas 198 land to gonger. Opphaveleg er Garfors journalist, med utdanning frå Falmouth i Storbritannia og Oslo. Når han ikkje skriv eller reiser, jobbar han som rådgjevar for NRK i Oslo. Garfors er også kjent frå sine reisebrev i Nitimen på NRK P1. Ingenstad er den andre boka hans.

---

Arrangementet er gratis!

Det kan være lurt å reservere bord. Klikk HER eller ring 64 80 80 21 for å bestille.

Scene 5 åpner klokka 12 alle hverdager, og stenger ganske seint.

Dere er hjertelig velkommen til å prøve menyen vår eller å ta litt å drikke før Vitenkaféen starter klokka 19.30.

_
_
_